Alt det du treng for himmel og jord!

Ser du deg svart og urein, Kjenner på syndig trå, Dømd av ditt eige hjarta, Kjære, på Jesus sjå! Nåde han deg forkynner, Blodet hans rann for deg, Då han for dine synder Vandra den tunge veg.

:/: Jesus, Jesus! Alt det du treng for himmel og jord, er gøymt i det eine ord! :/:

Ber du så lite frukter, Lite av gledesong, Aldri du meir vil synda, Snåvar då gong på gong. Gøym deg i Kristi rettferd! Fullkommen var hans veg. Lev i hans frie nåde, så lever han sjølv i deg!

:/: Jesus, Jesus! Alt det du treng for himmel og jord, er gøymt i det eine ord! :/:

Ser du så mange farer, Kjenner deg veik og arm, Argaste fiend ber du Djupt i din eigen barm. Veit ikkje du at Jesus Har slik ei mektig hand? Han vil deg trufast bera Like til livsens land.

:/: Jesus, Jesus! Alt det du treng for himmel og jord, er gøymt i det eine ord! :/:

Eg har blitt så glad i denne songen! Tenk at korleis eg har det, er ikkje så viktig så eg skulle tru. Om eg ikkje får til å vera slik eg vil, og slit med mange synder som eg fell i gong på gong. Om eg synder i tanker, ord og gjerninger, og aldri får til å bli slik eg vil. Så skal eg sleppe å sjå på mitt liv.

Eg har ein Frelsar som har fått til å leva slik eg ikkje får det til. Jesus har aldri synda, verken i tankar, ord eller gjerningar. Han har levd eit perfekt og syndefritt liv. Eg skal få lov å sjå på Han! Og eg skal få rekna Hans liv som mitt eige.

«Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus.» Rom 8,1

«…Og Jesu, hans Sons blod reinsar oss for all synd» 1.Joh 1, 7

«De er då døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud.» Kol 3,3

Eg vil aldri bli anna enn elendig og syndig tvers igjennom, men i Jesu fullbrakte verk på Golgata har eg blitt rein og rettferdig Himmelen verdig! For Jesus elskar syndare, han er syndares ven! Tenk  at han ville byta plass med oss. Eg får hans rettferdige liv i gåve, og han tek seg av mitt syndige liv! For ein kjærleik han har vist oss, heilt ufortent får vi hans liv i gåve, alle me som trur på Hans navn.

«Sjå, kor stor kjærleik Faderen har synt oss: Vi skal kallast Guds born. Og det er vi.» 1.Joh 3,1

Anja Stene