Ser du deg svart og urein, Kjenner på syndig trå, Dømd av ditt eige hjarta, Kjære, på Jesus sjå! Nåde han deg forkynner, Blodet hans rann for deg, Då han for dine synder Vandra den tunge veg.
:/: Jesus, Jesus! Alt det du treng for himmel og jord, er gøymt i det eine ord! :/:
Ber du så lite frukter, Lite av gledesong, Aldri du meir vil synda, Snåvar då gong på gong. Gøym deg i Kristi rettferd! Fullkommen var hans veg. Lev i hans frie nåde, så lever han sjølv i deg!
:/: Jesus, Jesus! Alt det du treng for himmel og jord, er gøymt i det eine ord! :/:
Ser du så mange farer, Kjenner deg veik og arm, Argaste fiend ber du Djupt i din eigen barm. Veit ikkje du at Jesus Har slik ei mektig hand? Han vil deg trufast bera Like til livsens land.
:/: Jesus, Jesus! Alt det du treng for himmel og jord, er gøymt i det eine ord! :/:
Eg har blitt så glad i denne songen! Tenk at korleis eg har det, er ikkje så viktig så eg skulle tru. Om eg ikkje får til å vera slik eg vil, og slit med mange synder som eg fell i gong på gong. Om eg synder i tanker, ord og gjerninger, og aldri får til å bli slik eg vil. Så skal eg sleppe å sjå på mitt liv. Les videre →